Hildegunn & Leif-Per - UTAN KRINGKASTINGSORKESTERET

Hiildegunn nytt

Framsyningar

Henter programmet

Comeback for Hildegunn og Leif-Per Moltubakk

Noregs mest eksentriske humorduo er endeleg tilbake i norsk showbiz!

Frua frå Ulsteinvik med coach-utdanning frå internettet og deltidsjobb på Cubus - og den drosjekøyrande ekssvogeren hennar, gler seg stort til å underhalde folket i Florø. Og mykje har skjedd sidan sist: Hildegunn har skilt seg fra Per-Leif (framleis broren til Leif-Per) ho er blitt bestemor til sju, og ho gjer det ho kan for å ha system i heimen. Eksmannen bur i bobil, men gjett kven som framleis vasker kleda hans… Leif-Per er framleis Søre Sunnmøres beste gitarist, han har kjøpt seg hytte med vakuumtoalett - og slit litt med å bli kvitt ei stor samling med DVD-filmar.


Denne gongen satsar radarparet frå Ulsteinvik også tungt på alle moglegheitene som melder seg når ein ikkje må samarbeide med Kringkastingsorkesteret. Gled deg til ein kveld med dramatikk og komikk - som ikkje liknar noko anna!