Leige av huset
Prisar for ikkje-kommersielle aktørar, lag/organisasjonar m.v.
Kinosalen kr 3200,-
Festsalen kr 3200,-
Møtesalen kr 1900,-
Møterommet kr 1350,-
Møteromma i underetasjen (Stabben, Ytterøyane, Assistenten, Kvanhovden) kr 1150,- pr stk.
Foajeen og Vestibylen pris etter avtale.
Prisane gjeld for leigefohold inntil 7,5 time. Rabattar ved leige over fleire dagar. Inkludert i leigeprisen er TV/video, flipover, tavle m/tusjar, overhead, reinhald, rigging og internett.
PC/projektor kr 540,- inkl. mva.
projektor i kinosal kr. 830,- inkl. mva.
Ved inntektsbringande arrangement er ekstra husleige sett til 12 % av billettinntektene etter frådrag av billettavgift..
Arrangement som strekk seg ut over ordinære opningstider på huset: kr 730.- pr påbegynte time.
Lag og organisasjonar som leiger rom på huset kan fritt servere mat og drikke og skal ha høve til å bruke kjøkken og dekketøy etter nærmare avtale med Bistro To Kokker , dersom dette ikkje er til praktisk hinder for kafédrifta.
Florø Kulturhus leiger også ut stolar/bord. Ta kontakt på tlf 57 75 60 50 for meir informasjon.
Ekstra Lyd: etter avtale
Ekstra Lys: etter avtale
Prisar for kommersielle aktørar
Kinosalen kr 6800,-
Festsalen kr 6800,-
Møtesalen kr 4250,-
Møterommet kr 3100,-
Eigne prisar for kommersielle arrangement eller arrangement med inntektspotensiale. Ved inntektsbringande arrangement er ekstra husleige sett til 15 % av billettinntektene. Kontakt oss for meir informasjon.
Arrangement som strekk seg ut over ordinære opningstider på huset: kr 730.- pr påbegynte time.
Avbestillingsgebyr
Avbestilling av lokale mindre enn ei veke før arrangement: full pris av leigesats. Avbestilling mindre enn fire veker før arrangement: halv pris av leigesats.
Billettsal
Florø Kulturhus administrerer alt billettsal til arrangement i kinosalen, festsalen og møtesalen. Billettsalet skjer gjennom huset sitt elektroniske billettsystem, og med eit påslag på kr. 25,- pr billett . Kontakt oss for nærmare informasjon.
Billettsal på dagtid (måndag-fredag kl 9-15): Informasjon og service, Florø Kulturhus tlf 57 75 60 00.
Billettluka (ved kveldsarrangement/kino): tlf 57 75 60 52, ½ time før kinoframsyning og 1 time før andre arrangement.
Pakkeprisar
Vi tilbyr også pakkeprisar på mat og hus m.m. for bryllaup, større møte/konferansar o.l. i samarbeid med Bistro To Kokker, som driv kaféen på huset. Ta kontakt med Bistro To Kokker AS eller på tlf 57 74 07 97 for nærmare avtale.
Avtalevilkår
Vi brukar standard kontrakt frå Norske Kulturhus.
Leigetakar pliktar seg til å forlate lokala, samt alt tilbehøyr, i same stand som ved ankomst. Leigetakaren pliktar å erstatte all skade som er skjedd i utleigeperioden - utover normal slitasje. Leigetakar er inneforstått med at kulturhuset straks utfører utbetringar av eventuelle skader, og at desse blir kosta av leigetakar.Lokalet skal være ryddet etter bruk. Mangelfull opprydding blir fakturert leigetakar med kr. 1000,- eller medgått tid. Leigetakar ber sjølv ansvar for utstyr, rekvisittar og gjenstandar som dei sjølve eller publikum tek med seg til kulturhuset. Leigetakar kan berre nytte lokala til kontraktfesta arrangement.