Ny kiosk

KIOSK

No bygger vi ny kiosk på kulturhuset. Her får vi ei moderne kioskløysing som vi håpar og trur at alle som besøker huset vert glade for. Dette er noko alle har venta på lenge så det er godt at vi endeleg snart er i gong med bygginga. 

Kiosken vert bygd der som billettluka er i dag. Vi brukar nesten 50 kvadratmeter til både kiosk og lager. Her blir det popkornmaskin, varmeskap, brus, smågodt, og alt anna du kan tenke deg å kjøpe når du skal på kino og andre arrangement.

Byggestart er 10. juni og då kjem Allbygg AS til oss for å begynne på riving av dei gamle kontora. Vi ber om forståing for at det blir litt bråk og støy her i byggeperioden, men vi kan alle gle oss til eit supert tilbod når anleggsperioden er over.

VIKTIG:

Vi oppmodar publikum til å bruke vår sjølvbetente løysing på heimesidene våre når du skal kjøpe billett. Denne finn du på https://www.florokulturhus.no/ eller du kan gå direkte til e-Billett: ebillett.no der du og kan kjøpe gåvekort.

I anleggsperioden vert det litt endringar når du skal kjøpe billett. Vi prøver å få til ei løysing slik at biblioteket sel billettar til kino og framsyningar i opningstida.

Meir informasjon kjem etter kvart.