Billettar
Billettar får du på Florø Kulturhus tlf 57756050 måndag-fredag kl 09.00-15.30
I billettluka tlf 57756050 1/2 time før kinoframsyning og 1 time før teater/revy/konsert.
Laster du ned appen eBillett, kan du kjøpe billettar direkte på telefonen heilt fram til filmen startar og vise den i døra! (både iPhone og Android)
For å kjøpe billettar på nettet trykker du på den svarte firkanten under kvart arrangement.
Du blir då sendt vidare til ebillett.no for kjøp.
Billettprisar Florø kino, ordinære framsyningar:
Vaksen kr 120,-
Honnør kr 100,-
Ungdom 15 - 19 år kr. 100,-
Barn til 15 år kr 90,-
Film i 3D:
Ved filmframsyning i 3D får du låne 3D briller når du går inn i kinosalen, desse må du legge attende når du går ut!
Refusjon av billettar
Betalte billettar vert ikkje refunderte. Dette gjeld både ved kjøp på internett og kjøp over disk. Det er ingen angrerett på billettkjøp, i høve angrerettslova §19. Betalte billettar kan ikkje bytast til ei anna framsyning, eller til eit anna tidspunkt enn det som står på billetten. Ved avlyste arrangement vil du få attende verdien på billetten, eller få billett til ei anna framsyning.
Når du er fylt 15 år må du kjøpe ungdoms-billett. Pass på at du har riktig billett så du ikkje blir stoppa i døra.
NB - Sjekk aldersgrensene på filmen du vil sjå