Om oss

Florø Kulturhus tilbyr varierte former for kulturelle opplevingar, alt under same tak.
Her finn du mellom anna kino-/teatersal amfi med 387 plassar, bibliotek, kafé, møterom og eit lite galleri. Florø Kulturhus er Florø kommune si storstove, plassert midt i Florø sentrum. Huset blei opna i 1979, og har fleksible fasilitetar for dei fleste arrangement. Huset rommar og Kinn Kommune sitt Informasjon og service kontor, brannstasjon og kontor for ein del tekniske tenester. Bistro To Kokker AS driv kaféen på huset.
Florø kino har vore i samanhengande drift sidan 1922. I 2011 fekk vi installert digital filmframvisar. Kinoen sel 321 sete grunna avstand til lerret. Vi har vanlegvis kveldsframsyning på onsdag, laurdag ettermiddag, fredag og søndag. Eigne framsyningar for ulike aldersgrupper/skular/barnehagar på dagtid.
Florø Kulturhus er medlem i Norske Kulturhus.
Opningstider Florø Kulturhus - kulturhusdelen
Måndag - fredag 8 - 20
Laurdag 11 - 14
Andre/utvida opningstider ved kino/arrangement. Om sommaren, i feriar og rundt høgtidsdagar har vi redusert opningstid.