Øyeblikk

Øyeblikk

Framsyningar

Henter programmet

“En oppslukende og berikende opplevelse”

Endelig har vi gleda av å invitere til eit unikt kulturarrangement på Florø Kulturhus den 21. mars når vi skal vise den prisvinnande Florøfilmen ØYEBLIKK på Florø Kino.

Om filmen:

ØYEBLIKK er ein poetisk naturdokumentar laga som ein ordløs ode til kysten og skogen, og dei som bur der. Bli med på eit naturbad av ein kortfilm, og opplev augeblikk av stillheit, ro og nære dyremøter.

Dokumentarfilmen er filma i den vakre kystnatur i Florø og Solund, og i djupet av dei boreale skogane i Elverum. Filmen vann i haust pris på Bergen Internasjonale Filmfestival for beste kortfilm frå vest:

«Med sin bemerkelsesverdige kinematografi og nøye utformede lydlandskap, tilbyr årets vinner en oppslukende og berikende opplevelse, som inviterer oss til å fordype oss i den naturlige verden, frigjøre oss fra våre daglige bekymringer og fortryller oss med de grenseløse mysteriene som definerer den. Filmen fungerer som en forbløffende lydmeditasjon over naturens skjørhet og utholdenhet, og menneskers slektskap til dyrene og det naturlige landskapet.»

Filmen er laga av det Florøbaserte produksjonsselskapet Farfars og regissørane Siri Linn Brandsøy og Lasse Huldt Pedersen, i samarbeid med Lofoten Film Collective og Altibox.

Om programmet:

Arrangementet starter kl. 17 med lydkunst av Kjetil Høidal i foajeen.

Dei første som kjem vil få ein smak av skogen frå Empress, og i vestibylen stiller Naturvernforbundet Kinn, Naturvernforbundet Sogn og Fjordane og Fjordane Friluftsråd med stands. Dei har óg med seg ei naturkasse som er spennande for dei aller minste. Om været er på vår side blir det også popkorn på bålpanne med Florø sine lokale sjøspeidere.

Kinovisninga vert opna av kultursjef Anita Solbakken i kinosalen kl. 18.

Filmen varer i 25 min, etterfølgt av ein Q&A med kunstnarane i samtale med biolog Jon Anders Stavang.

Frå ca. kl. 19.30 tek vi den lokale premierefesten med oss vidare til Comfort Hotel Florø like ved kulturhuset for ein etterpremiere skål for dei som vil feire med oss litt lenger.

Bli med oss på ein magisk kveld på Florø Kulturhus, og skaff deg billetter til årets lokale film- og naturoppleving her:

https://checkout.ebillett.no/142/events/28795/purchase/setup?kanal=fw

Arrangør er Farfars i samarbeid med Florø Kulturhus og Forum for Natur og Friluftsliv Sogn og Fjordane. Det lokale kulturarrangementet er støtta av Amfi Florø, Sparebanken Vest, E. Natvik Prenteverk og Comfort Hotel Florø.