Nyttårskonsert med Sunnivakoret og Ytre Suløens Jass-ensemble

Sunnivakoret plakat

Framsyningar

Henter programmet

New Orleans-rytmer med Sunnivakoret og Ytre Suløens Jassensemble, samt gjestekor Brandsøykoret!

Både kor og orkester har jubileumsår bak seg når vi no inviterer til nyttårskonsertar i Kinn kommune; Nordfjordhallen og Florø kulturhus; Ytre Suløen har passert heile 50 år, Sunnnivakoret 20 år. Av desse har nyttårskonsertane vore arrangert sidan 2006, berre med eit par års avbrot p.g.a.pandemien. Ein rett langvarig og populær tradisjon har det altså blitt.

Då var det også naturleg å ta turen til nære trakter, Sunnivalegenda handlar no om reisa over havet til Kinn og til Selja, som er "arnestaden" for koret som vart etablert i 2003 med tanke på dei første Sunnivafestspela, arrangert året etter.

Koret har halde langt over hundre konsertar sidan den tid og håper framleis å kunne halde på i fleire år til. Nyttårskonsertane har vore spesielt populære og godt besøkt desse åra. Florø får besøk for andre gong, mens vi debuterer i Nordfjordhallen.

Koret har fortsatt Per Oddvar «Prots» Hildre som dirigent. Still going strong, sjølv om han har passert 70 med god margin.

Dei siste åra har også koret sin eigen solist, Marita Bødal Nybakk, gjort suksess på desse konsertane, denne gongen i tospann med New Orleans-fødte Tricia Boutte.

Undervegs desse åra har det blitt både utanlandsturar, festspel i Bergen og Olavsdagar i Trondheim på menyen, og, som siste konsert før pandemien sette inn; på Rørosmartnan i den ærverdige Røroskyrkja.

Koret består no av 50 koristar, framleis flest frå Stad, Vanylven og Kinn kommunar, men og fleire frå austlandet og Sunnmøre, bl.a. eit par nyinnmeldingar med fartstid frå Prots sitt 80-talsprosjekt Det Norske Kammerkor, samt ei ex. radiostemme frå Førde som kanskje enkelte vil dra kjensel på....

Innimellom har nyttårskonsertane hatt innslag av gjestekor, som får prøve seg på ein ny sjanger i samsong med Sunnivakoret, samt ha eigne låtar for framføring. Slik også denne gongen, ekstra kjekt er det at vi har fått med oss Brandsøykoret frå Florø på laget, under leiing av dirigent Anna Michalska.

Velkomen til ein frisk start på nyåret!