Filosof Henrik Syse: Motivasjon og pågangsmot i forandringstider

Framsyningar
Henter programmet
Vi gleder oss stort til at filosof Henrik Syse kjem til Florø. Stopp opp i førjulstida og bli med på lunsjforedrag. Tittelen på foredraget er «Motivasjon og pågangsmot i forandringstider» I lunsjen blir det servert snitter, kaffi og kake.
Bedrifter og arbeidsplassar er hjarteleg velkommen til å delta, ta julelunsjen på kulturhuset og få fagleg påfyll, ein førjulsavslutning.
Henrik Syse (f. 1966) er filosof, forfatter, føredragshaldar og forskar.
Han har en Master of Arts-grad i politisk filosofi frå Boston College (1991) og ein doktorgrad i etikk fra Universitetet i Oslo (1997). Han er deltids seniorforskar ved PRIO (Institutt for fredsforskning) og har og ein professorstilling ved Bjørknes Høyskole. Han er kjend som en både humørfylt og seriøs føredragshaldar.
Henrik har tidligere blant annet vore leiar av eigarskapsgruppa i Norges Bank Investment Management (NBIM), som forvaltar Statens Pensjonsfond Utland (Oljefondet). Der var han sentral i arbeidet med implementeringen av dei etiske retningslinjene i Oljefondet. Han har tidlegare vore medlem av Pressens Faglige Utvalg (PFU) og av Den Norske Nobelkomité; i sistnevnte var han også komiteens nestleiar. Han har i mange år sete i Det Norske Akademi for språk og litteratur.
Henrik har skreve og redigert ein rekke faglege og populærvitenskaplege bøker og artiklar på engelsk og norsk om etikk, filosofi, religion og krig. Blant hans siste bøker på norsk er Ord i krise: refleksjoner om håp i koronaens skygge (2020), Norge etter 22. juli (2018), Det vi sier til hverandre (2015), Med andakt (med Asbjørn Bjornes, 2014), Næringslivsetikk og samfunnsansvar (2013), Konservatisme (med Torbjørn Røe Isaksen, 2011) og Noe å tro på (Cappelen Damm, 2011). Han er ein mykje brukt foredragsholdar innanfor tema som etikk, leiing, yrkesetikk, samfunnsansvar, religion, rettstenking og politikk. Han snakkar også gjerne om The Beatles, The Beach Boys og andre tema frå populærmusikkens verden, og han har gjennom åra hatt ein rekke opptredenar med musikarar og songarar som Anne Vada og Christian Ingebrigtsen.