Krim Quiz

Krim Quiz

Framsyningar

Henter programmet

Børsta støv av gamle detektiv-minner og lad opp konkurranseinstinktet ditt, for dette vert ein quiz fylt med latter, mimring og kanskje nokre «åh ja, eg hugsar det!»-augneblink!

Bistro stiller med bar i Foajeen så det går an å få seg eit glas.

OBS! 18-års grense

Som eit apropos til teaterframsyninga, «Detektimen – ein kriminalmusikal», inviterer vi deg til å teste detektivferdigheitene dine før framsyninga startar. Saman skal vi dukka ned i ei verd av velkjende krimmysterium. Her har du ikkje berre moglegheita til å visa fram kunnskapen din, men også til å mimra over uforgløymelege augneblink som har sett djupt spor i TV-historia.

Vi dekkar høge, runde bord med duk og levande lys. Quizmaster er Arne Hjort Johansen.

Maks 5 stk per lag og kvar person på laget må ha billett. Vinnarlaget får kvar sin billett til valfri framtidig framsyning frå Riksteatret på Florø kulturhus.
Avgrensa plassar.