The Brazz Brothers og koret FRYD - SAMSTEMT
Framsyningar
Henter programmet
The Brazz Brothers er ein institusjon i norsk kulturliv. I løpet av 42 år med kontinuerlig drift har ensemblet spelt over 5000 konsertar og turnert i 34 land. No møtes FRYD og The Brazz Brother til felles konsert. Saman og kvar for seg er det berre å glede seg til ein forrykande konsert.
The Brazz Brothers har skapt sin eigen musikalske stil og sjanger. Unikt samspill, improvisasjon og originalitet utført på eit teknisk høgt nivå, har ført til at ensemblet har blitt ein sterk merkevare der enkeltmedlemmenes kunstneriske uttrykk dannar grunnmuren i ensemblet. Gruppa har skapt eit repertoar som er bygd rundt musikarane sine egne komposisjonar og arrangement The Brazz Brothers har gitt ut 25 album som har fått stor anerkjenning både blant publikum og presse. Ensemblet har også mottatt ein rekke prisar og nominasjonar. Blant anna har ensemblet vore nominert til Nordisk råds pris, mottatt Møre og Romsdals fylkeskulturpris, Sula kommunes kulturpris, Sildajazz prisen, Gammleng-prisen samt seks nominasjonar til spellemannspris.
Musikarar:
Jan Magne Førde, trompet
Helge Førde, trombone
Stein Erik Tafjord, tuba
Runar Tafjord, horn
Kåre Nymark, trompet
Kenneth Ekornes, Trommer
Koret FRYD har 28 medlemmer og har stor breidde i reportar. Det er gode stemmer som strekkjer seg etter å finne spennande korarrangement som skapar spennande klangar. Profant og sakral musikk, er dei alltid ute etter dei musikalske musikalske augneblinka bår vakre stemmer møtes.
Dirigent er Jorunn Bakke Nydal