Øyeblikk


Framsyningar
Henter framsyninar
Ein poetisk naturdokumentar laga som ein ordløs ode til kysten og skogen, og dei som bur der. Bli med på eit naturbad av ein kortfilm, og opplev øyeblikk av stillheit, ro og nære dyremøter.
Filmskaparane Lasse, Siri Linn og Suneeta tilbringer somrane sine som gjetere med kamera. I denne utypiske og poetiske naturdokumentaren vever dei saman skiftande landskap og lydspor, frå kystlandskap og beitende villsauer i vest til djupt inne i skogen og ulande ulver i aust. Gjennom nære augeblikk og vekslande blikk med ulike typar dyr blir vi trekt inn i ei sanseleg og meir-enn-menneskeleg verd der det finst eit språk utan ord som siver ut av terrenget.
ØYEBLIKK er filma i Florø, Solund og Elverum, og vann nyleg pris for beste kort fra vest på Bergen Internasjonale Filmfestival.
«Med sin bemerkelsesverdige kinematografi og nøye utformede lydlandskap, tilbyr årets vinner en oppslukende og berikende opplevelse, som inviterer oss til å fordype oss i den naturlige verden, frigjøre oss fra våre daglige bekymringer og fortryller oss med de grenseløse mysteriene som definerer den. Filmen fungerer som en forbløffende lydmeditasjon over naturens skjørhet og utholdenhet, og menneskers slektskap til dyrene og det naturlige landskapet.»
- Regi:
- Siri Linn Brandsøy, Lasse Huldt Pedersen
- Produksjonsår:
- 2023
- Sjanger:
- Dokumentar
- Spilletid:
- 25 min.
- Nasjonalitet:
- Norge
- Produksjonsselskap:
- Farfars i samarbeid med Lofoten Film Collective og Altibox