Meelodi

Meelodi

Framsyningar

Henter programmet

Strengemesteren Ole Andre Farstad og sanger og maler Medi Farmani har skapt et unikt og vakkert uttrykk med instrumenter fra hele verden blandet med persisk og arabisk poesi. På turné i uke 16 (2024).

OLE ANDRE FARSTAD strengeinstrument, perkusjon MEDI FARMANI vokal NAWAR ALNADDAF vokal, oud vokal PER JØRGENSEN vokal, trompet, perkusjon ANDERS BITUSTØYL bass, bassklarinett SNORRE BJERCK perkusjon

Globalt musikkprosjekt basert i Bergen, med tre album bak seg – der The Great Blue Wheel frå 2021 vart plassert som Top of the World i Songlines Magazine si Topp 10-oppsummering av året – og plate nummer fire like om hjørnet. Persisk og arabisk poesi møter rytmar og klang frå dei fleste verdshjørner i ein unik og særs vakker miks. Undervegs har Meelodi turnert på festivalar som Førdefestivalen, Melafestivalen, Folkelarm,Nattjazz, Bergen Internasjonale Musikkfestival og OK sessions på Nasjonal Jazzscene. Verdsmusikk med hjarte og hjerne.

Dei seks musikantane i bandet er kjende namn både i Bergen og utanfor. Snorre Bjerck er å høyre med blant anna Siwan, Batagraf og Transjoik. Her speler han saman med bassist Anders Bitustøyl som elles har turnert land og strand med Bjørn Tomren og Sigrid Moldestad. Trompetist Per Jørgensen er blant dei største musikkskattane me har her til lands. Same med songar, oud-spelar og fløytist Nawar Alnaddaf. Ho kom frå Syria til Bergen i 2015 med ein musikalitet utanom det vanlege, noko ho i dag fordjupar seg vidare i på NMH i Oslo.

Medi Farmani er eigentleg kunst-malar, men viser med dette prosjektet at han også har stor uttrykkskraft som vokalist. Med utsøkt timing og ikkje minst scenisk nærvær. Primus motor Ole André Farstad er like komfortabel med lik-sminke i metal-bandet Abbath som på borne-konsertar med Tres Musicos. Han har sannsynlegvis også den største samlinga med streng-instrument du finn i – og eit godt stykke utanfor – Bergen.