Riksteateret: Ubesvart anrop.

Om arrangementet

Riksteatret dramatiserer Nora Dåsnes’ prisløna teikneserieroman 15 år etter 22. juli. Målet er å gje unge menneske håp og hjelp til å forstå eiga uro i møte med ei uroleg verd.

Ubesvart anrop
av Nora Dåsnes. Dramatisert av Toril Solvang-Kayiambakis.

Til ungdommen

Ein knapp månad etter terrorangrepa 22. juli skal Rebekka begynne på vidaregåande. Ho kjenner ingen av dei som døydde, og tenkjer at ho burde klare å ta kvardagen tilbake. Ho forsøker å engasjere seg i revyen, i Daniel med det krøllete håret, i festar og skule og vennar. Problemet er berre at ho tenkjer på det heile tida.

«Ubesvart anrop» handlar om å leite etter meining i møte med det meiningslause. Om kot vanskeleg det kan vere å nå ut til kvarandre, og kor viktig det er når vi får det til. Stykket er også ei historie om vennskap som held, og om at det finst vegar tilbake!

Når Riksteatret dramatiserer Nora Dåsnes’ prisløna teikneserieroman 15 år etter 22. juli, er målet å gje unge menneske håp og hjelp til å forstå eiga uro i møte med ei uroleg verd.

Maja Christensen, fra NRKs ungdomssuksess «Rådebank», spelar hovudrolla. Menneska rundt henne vert spelt av Amina Mohamud, Jawad Aziz, Arjan Nilsen og Christina Sleipnes.

 Sagt om boka:
«Full av håp (...) en bragd» VG (6) 

«En bok som engasjerer, berører og får leseren til å reflektere rundt både kollektive, politiske samfunnsspørsmål og individuelle, eksistensielle spørsmål»
Vinnar av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 

--

Ungdommer kan oppleve forestillingen gratis gjennom Riksteatrets billettfond. Er du lærer i 10. trinn og vgs, kan du søke om billetter kan du søke om billetter her

På scenen
Maja Christensen, Amina Mohamud, Arjan Nilsen, Jawad Aziz og Christina Sleipnes

Team
Regissør og Dramatiker: Toril Solvang-Kayiambakis. Scenograf og Kostymedesigner: Marcus Olson. Lysdesigner og Videodesigner: Oscar Frostad Udbye. Komponist, Lyddesigner og Musikalsk ansvarlig: Ida Flåten Kampenhaug. Dramaturg: Liv Gulbrandsen. Produsent: Bastian Stabell

Av Nora Dåsnes. Dramatisert av Toril Solvang-Kayiambakis.

Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).

Urpremiere: Oslo / Nydalen 17. sep 2026

Turnépremiere: Egersund 22. sep 2026

Produsert av Riksteatret

 
--

Riksteatrets omtale av Ubessvart anrop: https://www.riksteatret.no/ubesvart-anrop