Operakysten "Der Schauspieldirektor av Mozart»

Om arrangementet

Operakysten 10 år "Der Schauspieldirektor av Mozart»

I Mozart sin lystige komedie Der Schauspieldirektor, får publikum ein liten, latterleg, men

absolutt realistisk smakebit på korleis ein heilt vanleg dag på jobben kan vere for ein


teaterdirektør!


OperaKysten markerer sitt 10årsjubileum med ei gjenoppsetting av Teaterdirektøren
-

akkurat som i 2016! Altså, nesten akkurat
- for denne gongen framførast alle tekstane på

nynorsk, og der er nokre nye ansikt både på og bak scena.


Medverkande:


Frk Songstad, den unge, ambisiøse sopranen: Beate Mordal


Madame Borchgrevinch, den aldrande divaen: Nora Oleanne Sårheim


Den entusiastiske og syngande assistenten: Eivind Kandal


Teaterdirektøren: Per Øyvind Helle


Ved flygelet: Lina Braaten


Regi: Lars Harald Maagerø


Lys: Matias Askvik


I 2016 var alle billettane utselgt ei veke før premiere, så her er det berre å få tinga billetten


sin, og gle seg til operafest og jubileumsfeiring!


I 10 år har OperaKysten laga opera av, med og for kystfolket i Florø og Sogn og Fjordane.


Bli med på jubileet og feiringa når vi “rykker attende til start” og set opp Teaterdirektøren av


Mozart akkurat som vi gjorde i vår operatiske barndom i 2016! Den g
ong var kinosalen i

Florø utselgt ei veke før premiere, så denne gongen er det sett opp forestillingar både på


Nordfjordeid og i Sogndal i tillegg!


Frå scena vert publikum introdusert for den unge, lovande sopranen Frk. Songstad (Beate


Mordal), den tilårskomne divaen Madame Borchgrevinch (Nora Oleanne Sårheim), den


entusiastiske assistenten (Eivind Kandal) og Teaterdirektøren sjølv (Per Øyvind Helle).


Denne vesle komedien om dramaet som kan utspele seg på bak scena på eit teater er


kyndig iscenesett av regissør Lars Harald Maagerø, og støtta og akkompagnert av Lina


Braaten ved flygelet. Heile forestillinga framførast på nynorsk, gjendikta av vår eige
n

kunstnarlege ansvarleg Nora Oleanne Sårheim.


Vi gler oss til å feire dei 10 fyrste åra med opera i Florø, og vonar at denne forestillinga gjev


meirsmak på både 10 og 20 nye år!