Om Florø kulturhus
Florø Kulturhus tilbyr varierte former for kulturelle opplevingar, alt under same tak.
Her finn du mellom anna kino-/teatersal amfi med 387 plassar, bibliotek, kafé, møterom og eit lite galleri. Florø Kulturhus er Florø kommune si storstove, plassert midt i Florø sentrum. Huset blei opna i 1979, og har fleksible fasilitetar for dei fleste arrangement. Huset rommar og Kinn Kommune sitt Informasjon og service kontor, brannstasjon og kontor for ein del tekniske tenester.
Florø kino har vore i samanhengande drift sidan 1922. I 2011 fekk vi installert digital filmframvisar. Kinoen sel 321 sete grunna avstand til lerret. Vi har vanlegvis kveldsframsyning på onsdag, laurdag ettermiddag, fredag og søndag. Eigne framsyningar for ulike aldersgrupper/skular/barnehagar på dagtid.
Florø Kulturhus er medlem i Norske Kulturhus.
Kontakt oss:
Telefon: +47 41 53 49 40
E-post: florokulturhus@kinn.kommune.no
Program og informasjon:
👉 Kultur- og kinoprogram: www.florokulturhus.no
👉 Facebook: FloroKulturhus
👉 Instagram: @florokulturhus
👉 App: Friskuskommune
