Jubileumsforestilling
Billettar
Om arrangementet
Dans uten grenser 20 år!
Jubileumsførestilling
Dans uten grenser fyller 20 år – og det skal sjølvsagt feirast med ei eiga jubileumsførestilling!
Vi inviterer familie, vener, føresette og alle andre som har lyst til å vere med og feire saman med oss! Det blir ei feststund fylt med dans, glede, fellesskap og gode augeblikk.
Gjennom 20 år har Dans uten grenser skapt danseglede, fellesskap og minner. No ønskjer vi å markere jubileet og feire alt vi har opplevd og fått til saman – og alle som har vore ein del av reisa vår.
Ei feiring for alle!
Jubileumsførestillinga er open for alle som ønskjer å komme og dele denne spesielle dagen med oss. Enten du er familie, ven, tidlegare dansar, samarbeidspartnar eller berre har lyst til å oppleve danseglede og fellesskap, er du hjarteleg velkomen!
Vi gler oss til å feire 20 fantastiske år med dans, glede og fellesskap – og håpar å sjå nettopp deg der!
