Amerikabreva
Billettar
Om arrangementet
Amerikabreva
AMERIKABREVA - av Lene Therese Teigen
Med Oda Alisøy og Kjetil Alisøy Søvig
AMERIKABREVA startar som eit foredrag om unge kvinner som reiste frå Noreg til Amerika. Når ein Amerikakoffert dukkar opp, vert forteljinga meir personleg: ein koffert, nokre brev, ei røyst. Oda sine eigne slektsminne viklar seg saman med historia om dei mange kvinnene som kryssa havet – og som med mot, lengt og draumar skreiv seg inn i utvandringshistoria. Framsyninga speglar òg vår tid, der menneske framleis må bryte opp og søkje nye heimar. Amerikabreva er eit nyskrive musikkteater i krysspunktet mellom dokumentar og fiksjon, der levande forteljing, musikk og scenisk leik blir brukt til å løfte fram kvinner sine utvandringshistorier frå Noreg til Amerika. Gjennom brev, bilete og musikk følgjer vi unge kvinner frå Vestlandet på slutten av 1800-talet – med parallellar til dagens migrasjon og rørsle.
Amerikabreva er produsert i samarbeid med Teater Vestland, på bestilling frå Vestland Fylkeskommune i forbindelse med Utvandrarjubileet 2025. Produksjonen er støtta av PreForm, Fond for Utøvende Kunstnere, Stiftelsen Fritt Ord og Fond for Frilansere.
